Isocell

Isocell cellulose isolasjon

Isocell sin cellulose isolasjon er eit isoleringsprodukt laga av resirkulert avispapir. Det er derfor også ein av dei meir berekraftige produkta på markedet da det krevjar lite energi i produksjon og kan gjenbrukas 2-3 gangar før det til slutt brytes ned naturleg om ein fjernar borsyra som er tilsett. Lyd- og varmeisoleringseigenskapane er på nivå med mineralulla, men har sin fordel i at det blir få kuldebroer sidan isocell blåses inn i vegger, tak og bjelkelag.

Gjennom CBI Norge har me i Sag & Bygg fått opplæring i blåseisolering, og har vår egen effektive isoleringsmaskin. Derfor kan me tilby blåseisolering av god kvalitet, noko som kan anbefalast til både nybygg, renoveringsprosjekt og ved etterisolering. Ein av fordelane med blåseisolasjon er at det går fort, og ved for eksempel lausblåsing på kaldloft kan prisen på materiale og arbeid bli omtrent det same som berre innkjøpsprisen på mineralull, og det er eit ypparleg og enkelt alternativ ved etterisolering.

Isolasjonen blir i produksjonsfasen tilsett borsyre, noko som gir den blant anna gode eigenskapar mot brann, gjer det vanskeleg for skadedyr å byggje bol og gode fukteigenskapar som hindre fukt og sopp. Det står meir om eigenskapane under, og på nettsida til CBI Norge.

Ved etterspørsel kan vi komme på synfaring med varmekamera og undersøkje isoleringsevna, finne kuldeborer og samanlikne resultatet, til ein pris av 2500kr. Velje du vidare å bruke oss til isoleringsjobben, vil denne prisen falle bort. Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller interesse.